12. - 23. august var eg og omtrent 20 andre ungdommar frå heile verda i Narva-Joesuu, ein landsby utanfor Narva. Narva er den tredje største byen i Estland, grenseby til Russland og over 90 % av innbyggjarane er russiskspråklege. Kvifor eg ville på dugnadsleir. Eg har vore på leir før og har gode erfaringar med det. Det er ein fin måte å reise på, du får møta landet og kulturen på ein meir intens måte enn som turist. Dessutan blir ein kjend med ungdommar frå resten av verda. Estland er dessuten eit område som ligg nær oss, men som vi ikkje veit så mykje om. Eg syntes også at temaet for leiren var interessant. Førehandsinfo.

Eg fekk god informasjon på førehand om kor eg skulle møta opp, organisering av leiren osv. Vi hadde derimot ikkje nok informasjon om den sosiale situasjonen i Narva. Ettersom dette var ein studieleir, trudde vi at vi skulle prøve å komme fram til ein konklusjon om kva vi meinte om situasjonen. Så langt kom vi aldri. Arbeidsopplegg. Dette var ein studieleir, så arbeidet bestod i å gå på møter med politikarar, fagforeiningar og ulike departement i byen. Vi høyrde som regel først på eit foredrag, så stilte vi spørsmål. Problemet var at vi ikkje hadde noko informasjon om situasjonen der på førehand, så vi måtte heile tida spørje grunnleggande spørsmål og kom difor aldri langt nok til å få kunne spurt noko særleg kritiske spørsmål, slik at vi kunne ha fått i gang ein meir interessant debatt. Dette var svært frustrerande for oss. Dette var også grunn til konflikten som oppstod mellom leirdeltakarane og leirleiarane. Leiarane visste like lite som oss om situasjonen i området og var ikkje villige til å skaffe fram noko informasjon. På denne måten følte deltakarane på leiren at vi eigentleg kasta bort tida. Det hadde vore mykje enklare å lese litt på førehand og så sleppe alle ja/nei spørsmåla. Sosialt. Vi budde på eit hotell ca ½ time utanfor sentrum. Hotella blei før grensene blei opna brukt av russarar, men nå er det dårlege tider i regionen så hotella står stort sett tomme. Det var ei fin strand nedanfor hotellet, så der spelte vi volleyball og laga bål. Det var nokså øde der, så vi heldt oss stort sett på hotellet. Vi fekk alle måltid servert, så vi gjekk glipp av å lage maten sjølv, det pleier å hjelpe deltakarane til å bli betre kjent. På dagane hadde vi jo mange møter der vi måtte vere stille, så eg trur at vi blei mindre kjent med kvarandre enn vi ville blitt på ein vanlig jobbeleir. Det var synd. Ellers feira vi eit par bursdagar og hadde ein del festar i samlingsrommet i etasjen vår i tillegg til at vi gjekk ut og var på ein "øl-festival". Hovedinntrykk. Intensjonen med leiren var kanskje god- samle internasjonale ungdommar til å diskutere eit problem i mange område : ungdom og arbeidsløyse. Organisasjonen i Estland blei for svak, leiarane var unge og uerfarne med korleis dei skulle legge det opp, vi hadde heile tida for lite kunnskap som det egentleg burde vore lett å skaffe oss, dette gjorde det ekstra frustrerande. Sjølve hovedproblemet var nok at vi ikkje hadde noko klart definert mål. Det var ingen som visste kva vi eigentleg skulle der. Det var mange folk der som kunne litt økonomi og som hadde gode idear, men vi satt igjen med en følelse av at vi anstrengte oss til ingen nytte, ingen var interessert i det vi gjorde. Personleg utbyte. Vi hadde det kjekt på leiren sjølv om vi ikkje skjønte opplegget heilt. Vi vitja mellom anna ein tekstilfabrikk, det største tiltaket i byen. Arbeidstilhøva der var ikkje spesielt bra, sjølv om vi nok berre fekk sjå solsida. Vi var og i eit kraftverk. Dette er noko vi som turistar aldri ville ha fått til. Noko som var veldig bra, var at vi hadde intervju-rundar på gata, vi snakka med vanlege folk og fant ut at folk flest rangerte arbeidsløyse blant unge som det største problemet i byen. Vi var i tvil for statistikken der sa at arbeidsløysa var på 2% og det er jo misunnelsesverdig dersom du kjem frå eit EU land. Det var og veldig interessant å sjå på veremåte og levesett i området. Det var lite optimisme blant folk, dei kunne ikkje betre deira eigen situasjon sjølv og politikarane måtte ta skulda for det meste som var gale. Gamle haldningar hang tydeleg godt igjen, det var litt skremmande. Vi vitja og eit nonnekloster. Tolk. Leiarane var blitt lova ein tolk til leiren, fordi alle møter gjekk føre seg på enten russisk eller estisk. Tolken dukka aldri opp så leiarane og ein deltakar måtte oversettepå sparket, god innsats frå dei , men det blei jo slitsomt både for dei og oss. Leir igjen ? Eg har tidlegare vore på arbeidsleir. Det likte eg svært godt og eg kjem nok til å søke på den typen leir heller enn studieleir seinare.

 

Helsing Ingelin

JSN Gruve template designed by JoomlaShine.com